Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Symre

Leppepomade med appelsin & raudbet

Leppepomade med appelsin & raudbet

Vanlig pris 125,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 125,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Symre leppepomade med appelsin & raudbet friskar opp leppene og gir glans. Leppepomaden har ein nydeleg aroma av appelsin, og den flotte fargen kjem frå raudbet frå vår eigen økologiske marknadshage her på garden. Leppepomaden gir god  næring til tørre lepper.

Symre leppepomade med appelsin og raudbet er laga med talg – naturleg hudpleie laga på ein liten vestlandsgard. Me er opptekne av å nytta oss av naturlege og lokale råvarer, og ikkje minst ressursgrunnlaget me har på garden. Me har grasfôra og økologisk storfe av den lokale gamalrasen Vestlandsk fjordfe. I tråd med vår filosofi om å nytte heile dyret, lagar me hudkrem av talget frå dyra. Talg av grasfôra dyr er fantanstisk for huda vår. Det har særs lik feittsyreprofil som huda, og inneheld feittløyselege A, D, K og E-vitaminar. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng. I tillegg til talget inneheld hudkremane våre berre 2–3 andre ingrediensar – mellom anna blomar og urter hausta frå innmark og utmark. Slik at du er trygg på kva du smører på huda di.

Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar.

 

INNHALD INCI: Tallow, Mel, Olea Europaea Fruit Oil, Beta Vulgaris Extract, Citrus Sinensis Peel Oil Expressed, *Limonene, *Linalol

*= Limonene og linalol er naturlege virkestoff i eterisk olje av appelsin.

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk olivenolje, økologisk honning frå Voss, økologisk raudbet frå garden vår, økologisk eterisk olje av appelsin.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. 

 

Leppepomaden er sertifisert og har sikkertheitsrapport. 

15 ML

Vis alle detaljer