Leppepomade naturell
Leppepomade naturell
Symre leppepomade naturell gjer leppene mjuke og gode, og inneheld kun 3 ingredienser!
Leppepomaden inneheld ikkje parfyme og eteriske oljer, så den kan vera eit godt alternativ for barn og personar med sensitiv hud og allergiar. Merk at ein ikkje skal gje honning til barn under 1 år. Denne leppepomaden inneheld honning, så unngå bruk på barn under 1 år.
Til å lage leppepomaden brukar me talg frå eigen gard/utvalde nabogardar i lokalmiljøet vårt, me bruker økologisk olivenolje av høg kvalitet og lokal og økologisk honning frå Voss.
INNHALD INCI: Tallow, Mel, Olea Europaea Fruit Oil.
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå garden vår og frå andre utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk olivenolje, økologisk honning frå Voss.
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.
Leppepomaden er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
15 ML