Potesalve
Potesalve
Når det vert kaldt ute så kan frost, skare, is og salt på vegen skade potane til hunden. Sprekker og sår i potane kan føre til at det blir smertefullt for hunden din å trå på potane. Potesalver førebygger poteskader, og hjelper til med å halde potane mjuke, og den virkar ved å danne ei beskyttande hinne slik at ikkje like mykje snø og salt kjem til i potane. I vår potesalve har me både talg og bivoks som er beskyttande og som er vann- og isavstøtande. Bruk potesalve både før og etter tur om vinteren.
Kan også brukast som sårsalve.
TIPS TIL BRUK:
Bruk ei lita mengd til å smørje potane til hunden din før og etter tur. Salva trekker raskt inn. Enkelte hundar likar å sleike seg på potane når ein smørjer på. For å forhindre dette er det ein veldig god ide å distrahere hunden med litt godbitar!
Innhald: Økologisk, kaldpressa tistelolje, økologisk talg frå vår eigen gard (og andre utvalde gardar i nærmiljøet), bivoks, økologisk lavendel, einer
50 ML