Hopp til produktinformasjon
1 av 3

Symre

Universalkrem Naturell

Universalkrem Naturell

Vanlig pris 320,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 320,00 NOK
Salg Utsolgt
Avgift inkludert. Frakt beregnes ved kassen.

Symre naturell er ei universalsalve for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld berre tre ingrediensar – talg, tistelolje og bivoks. Dette gjer den særs god for dei som slit med allergiar, eksem og sensitiv hud. Salva har ein mild og naturleg aroma. Symre naturell er også ei perfekt barnesalve, trygg og god.

👶 Smør den på bleieutslett

❄️ Bruk den som kuldekrem

💚 Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud

🌸 Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at denne er ekstra god ved eksem og andre hudproblem

Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår. Den inneheld dei feittløyselege vitaminane A, D, K og E. Kort sagt inneheld talg alt det gode huda vår treng! Kaldpressa tistelolje er godt egna til alle hudtypar, men også veldig god til urein hud. Tistelolja inneheld mykje av omega 6-feittsyra linolsyre, som bidreg til å halde huda smidig og sunn, og hindrar fukttap. Linolsyre kan også ha anti-inflammatoriske og antibakterielle eigenskaper. Bivoks bevarer fuktigheit i huda og beskytter. 

Kremen er særs dryg i bruk – ein treng berre litt om gongen. 

 

INNHALD INCI: Carthamus Tinctorius, Tallow, Cera Alba

INNHALD PÅ NORSK: Økologisk kaldpressa tistelolje, økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, bivoks.

HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys.

 

Salva er sertifisert og har sikkerheitsrapport.

60 ML

Vis alle detaljer